Program: Gøyanger SNØ

Tidsskjema

11:00 Skitrekket opnar

Vår lokale vérprofet har lova oss kvite flak i overflod til denne helga; så vi satsar på at skitrekket opnar.

11:00 Tur over Bergefjell/Skålebotn

Balestrand og Høyanger turlag arrangerer tur over Bergefjell, som også har blitt omtala i fleire tur-bøker. Turen er relativt lett - men er likevel spektakulær sidan ein ser rett i fjorden store delar av ruta. Påmelding til Sjur Håvard Øygard. Tlf. 46967617. Oppmøte ved barnetrekket på Siplo kl. 11.

12:00 Kongle-leikane

Her vert det SNØ-moro for dei minste og nestminste.

12:30 Synken Challenge (langrenn)

Dei som snart er gamle hugsar Høyanger-rennet frå nesten gamle dagar. Gøyanger har teke framatt konseptet frå skuffa på Langrennshytta og relansert det som Synken Challenge Les meir og sjå traseen til løpet her

15:00 Chineese Downhill

Pga snømangel vart ikkje det noko av dette under Gøyanger FRYS. Difor prøver vi igjen med eit spinnvillt utfor-renn. Felles-start i villmannskøyring frå Langhamrane og ned til målgang ved Siplo-tjørna. Sjå videoen frå Chineese Downhill under Fjellsportfestivalen 2009

15:30 Akekonkurranse

Gjennom den kalde vinteren har det vokse fram eit stort ake-miljø her i Høyanger. Hovedsakleg har desse utfalda seg i fjellvegen på mørke kveldar. Men no ynskjer vi dei fram i dagen og arrangerer akebrett-race frå Flyplassen ned til Siplo. I relativt sikre men dog publikumsvennlege omgivnader vert slaget utkjempa. Påbode med hjelm og "mjuke" sko (ikkje slalomsko og liknande).

16:30 Premieutdeling

Dei som har delteke skal ha både for prestasjon og for innsats. Her vert det premiar både til vinnarar og uttrekning.

22:00 Konsert; Månetrio på Joss

Som dei skriv sjølv «Det er "feel-good" stemning med Månetrioen, og løs jakke på scenen. Vi spiller til typer alle anledninger og repertoaret fenger et vidt publikum. Du vil få servert kjente og kjære coverlåter av ulike artister, både gamle og nye.»... Sjå her for detaljar

Andre aktivitetar

Grill og godis

Under arrangementet vert det sjølvsagt mogleg sjokkis og anna i GØY-kiosken.

Isfiske

Jakt og Fiskelaget stiller med hol i isen og nesten garantert napp for dei som er tolmodige nok. Forøvrig er det greitt å lese ei og anna røvarhistorie frå isfiskemiljøet for å ikkje gå på limpinnen sjølv.

Ski-demo

På Siplo møter Sport'n opp med måleinstrument og gode råd når det gjeld feste, skismørning, gliding, smøresoner, skispenn, fargeval på lua og mykje anna vesentleg for den optimale skiopplevinga!

Frys med oss