SynkenCHALLENGE
Høyanger sitt svar på Birken. Etter at vi hadde avvikla Tea-løpet, tenkte vi det var på tide å lage eit renn for lokale heltar og heltinner på langrennski. Langrennsporten har i år fått ein enorm framgang; og det har vi også sett her på fjellet. Mange brukar løypene til Synken svært så flittig - og kven som er forhåndsfavoritten er vanskeleg å sei. Det går også rykter om at konkurrentar frå nabobygdene tek turen til Høyanger og Siplo denne laurdagen.
Traséen er henta fram att frå Høyanger-rennet og utvida til å gi dagens langrennsløparar utfordring, og går over ca. 22 km. Konkurransen vil vera langrenn, klassisk stil og felles-start. Det vil gå tre paralelle spor i løypa, og løparane skal hovedsakleg halde seg i høgre spor. Dei som går i nedoverbakke har førsterett på midtsporet.
Sjå løypa
Løype: SynkenCHALLENGE
SKJUL