Smørebua

Etter at OL har satt fokus på smurning, is i rubben og feilslipte ski; tek Sport'n med smørebua si opp på Siplo. For fenchmaker'ane vil en også måle av spenn på ski (en viktig faktor for å få godt feste, evt vinne OL-gull), samt måling og merking av riktige smøresoner på skia sine. En kan også få enkel innføring i gliding og smøring av ski - samt få smurt og glida skia.

Sport'n vil ha skidemo der ein kan prøve state-of-the art innan ski.. Lista med kva du kan «prøvesmake» frå Sport'n under Gøyanger SNØ er:
Alpint
Den klassiske greina alpint har lange tradisjonar i Høyanger. Du kan på skidemoen teste topp-modellane til Völkl og Nordica, som er ein av dei store produsentane som ein kan sjå vert brukt på tv.
Fjellski
Sport'n har fått fleire førespurnader på kva som er forskjellen frå den klassiske skia, til det smørefrie alternativet. No kan du sjølv få prøve det smørefrie alternativet. Du kan velja mellom Fischer 109 Crown, og 99 Crown.
Smørefritt har alltid vert ein hit her vestpå - og spesielt Høyanger har eit stort salg av slike ski. Dette fordi dei er perfekte for våre skiftande vintrar og milde klima.
Langrenn
Er det skilnad på det nestbeste og det beste..? Du kan få prøve Fischer RCS, som er toppmodellen til det velkjende Fischer-merket når det gjeld å gå «klassisk».
Vil du prøve fristil, er Madshus Nanosonic, rekna som det som riv skinnet av pølsa for dei som går «skøyting».
Snowboard
Snowbard, snøbrett evt snøplank av merkene
Morrow og Burton.
Topplue og sæggebukse må du står for sjølv.
Topptur (Randoné)
Topptur har fått sin renesanse i samband med innføringa av Randoné-utstyret. Dette er utstyr som har eigenskapar det for den jamne skigåar har vert eit val om enten-eller. Her kan du gå som du går på vanlege ski oppover. Med enkle grep kan du forvandle skia til ei slalomski når du er på toppen; slik at du får ein triveleg og stabil nedovertur...og tru det eller ei; utstyret er lett! Dette kan gi både gamle og nye toppturentusiastar ei ny og bedre oppleving av kvar ein fjelltopp. Dette er også den typen utstyr deltakarane på Tealøpet brukar. På demoen vil det vera typen Scott Punisher og Volkl Gotama som er mogleg å prøve.
Sjå denne introduksjonen til randone frå NRK Sogn & Fjordane
Sist oppdatert: 4. mar6993@goyanger.no
Frys med oss