Program: Gøyanger
Tidsskjema
10:30 Aarseth-tråkket (konkurranseklasse)
Eit vakkert landevegsritt langs Sognefjorden frå Høyanger til Vadheim.
Les meir
11:00 Vetle Aarset-tråkket
For kidsa som enno ikkje er modne for det verkelege Aarseth-tråkket, er det mogleg å prøve seg på vesleAarseth-tråkket i ei løype inne på sentralidrettsanlegget, med eiga rekrutt-tskjorte til deltakarane. 40,- pr.. unge. Etter Vetle Aarseth-tråkket vert det dukkevogn-parade i sentrum (kl. 12.00).
14:00 Trappeløpet, trimklasse
For dei som ikkje likar å presse seg mot klokker og konkurrentar er det høve til å ta den flotte turen opp trappene i trimklassen. Passar mellom anna flott for barnefamiliar med evt. besteforeldre på slep. Sjå
fjernsynsreportasje frå trimklassen i 2009, og elles
les meir om Trappeløpet
14.00 Fotball: Høyang - Sandane (3.div)
16:00 Trappeløpet, konkurranseklasse
Her vert det alvor. Startnummeret er på. Ein skal perse ein skal vinne. Om det er mot seg sjølv og/eller dei andre. Den aktive klassen har dei siste åra fått eit kraftig auke i tal deltakarar. Det er først når du deltek her at du får Gøyanger-tskjorta i premie.
Les meir om Trappeløpet
19.00 Premieseremoni
På Gøyanger vert det premiar både til dei som er gode på prestasjonar og flaks. Med andre ord vert det premiar til dei som vinn og dei som vert trekne ut på ulike vis.
22:00 Rytmisk avslutningsseremoni
Kings of Lien, ville vestlandets svar på
The Baseballs inntek Gøyanger - og set punktum for Gøyanger 2010. CC: 150,- og 18års leg.plikt.
Les meirAndre aktivitetar
CampGøyanger
I Høyanger har vi det fantastiske området som utgjer sentralidrettsanlegget. Denne helga vert det omgjort til
CampGøyanger.
Trappe TV
Frå kl. 14 vert det storskjerm på CampGøyanger med live video frå trappene; der du kan følge konkurransen frå start til mål.
NRK nett-tv
NRK vil overføre konkurranseklassen i Trappeløpet LIVE på NRK nett-TV. Så om du er så uheldig at du ikkje er i Høyanger denne dagen, kan du likevel fylgje løpet på nettet, samt reportasjar frå andre delar av arrangementet. Videoane vil også ligge på tilgjengeleg på nettsidene til NRK i ettertid, slik ein kan inn å oppleve spenninga frå heile løpet oppatt, om ein vil det.