Aarseth-tråkket



Løypa startar ved Gøyanger-campen. Etter ei evaluering er årets løype dobbelt så lang som 2009 versjonen. Det bér gjennom tunnellane som tek deg ut til «Solkysten» Kyrkjebø, der Aarseth’en kjem frå. Herfrå går løpet vidare utover Sognefjorden. Rytterane snur i Vadheim, staden som har knytta sogningar og sunnfjordingar saman - på godt og vondt.

Halvvegs attende vert det spurtpris på toppen av legendariske «Leitebakken». Her har store ryttarar, rutinerte travarar og «up-and-comings» utkjempa blodtørstige kampar om heider og ære! Når ein kjem attende til Gøyanger-campen får publikum eit lite glimt av ryttarane før dei set kursen utatt til Vadheim for å snu ein gong til. Til slutt tek eit yrande publikum imot ryttarane opp Gøyanger-street`n.

Rittet har både konkurranse- og trimklasse. Konkurranseklassen for herre syklar to turar til Vadheim (ca 100 km), medan dameklassen og trimklassen syklar ein tur (ca 50 km).

Under Aarseth-tråkket vert det arrangert sykkelløp for dei minste. Her deler vi i to klassar: < 7 år og 8-11 år.

Vi har hatt problem med påmelidngssystemet til Aarseth-tråkket. Difor ber vi alle som tidlegare har meldt seg på før 17.mai om å melde seg på ein gong til

[ Påmelding ] [Sjå kven som deltek] [Praktisk info]


Vis større kart

Video:  |  Foto:

Sist oppdatert: 2. jun6993@goyanger.no