Trappeløpet
Saman med trallebana og røyrgatene strekker trappene seg oppetter dei ville fjellsidene. Dei mektige røyrgatene temte dei enorme vassmengdene på veg ned til kraftverka i Høyanger.
Etter å ha vore sentral under bygginga av røyrgata, fekk trappene stor betydning for å knytte Høyangerfolket til fjellet. Både trappene, røyrgata og trallebana er i dag historieberarar om tida då industrien kom til bygda.
I år er det 17. året med løp i trappene. Store namn som Oddvar Brå, Knut Johannessen, Grete Waitz og Jon Tvedt har tidlegare kasta glans over løpet.
Rekorden er på imponerande 8:25. Likevel er dette også eit arrangement for heile familien. I hyggjeleg familiefart er kan ein oppleve turen på ein liten time.
Meir PRAKTISK INFO / Påmelding og resultat
Sist oppdatert: 1. jun6993@goyanger.no