
9. juni blir ein stor dag for dei som likar å trimme
...Då går Gøyanger av stabelen; med Trappeløpet og Aarseth-tråkket som faneberarar. Dette er sportslege utfordringar som gjev moglegheiter for dei fleste:
Vestlandets kanskje einaste rundbaneløp i 2,5 km løype i Høyanger sentrum. Spektakulært både for deltakarar, publikum og innbyggjarar.
Press deg opp så raskt du kan dei 1268 trappetrinna, trø til mjølkesyra kan tappast på kartongar eller loff opp trappene, ta innover deg historia, og ver til stades i naturen i ein fart som passar heile familien.
La dei minste prøve seg i vetle-Arrseth'n og ta eit bad i Høyangerbadet. Sjå konkurranseklassen i Trappeløpet på storskjerm medan ungane kosar seg med forskjellige aktivitetar.
Når vårkvelden kjem signade vert det ein verdig bankett...
Aktuelt
Hurra for støtte frå kulturutvalet!Resultatliste LHN 2012Utsatt: Vintermoro i GøyangerFlott reportasje på melkesyre.noNokre bilderResultater, video og bilete